Forbordsfjellet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Forbordsfjellet (590 moh.) er eit av dei høgaste punkta i Stjørdal kommune i Trøndelag. Det er bilveg opp til toppen, og denne vert vedlikehalde ved hjelp av bompengar.

Kjappe fakta Land, Område ...
Remove ads

Historie

Namnet kjem frå grenda Forbord som ligg vest for fjellet, og namnet Forbord tyder visstnok «ved foten av fjellet». Dermed kan namnet Forbordsfjellet pussig nok omsetjast til «ved foten av fjellet-fjellet». Tusenårsmarkeringa i 2000 vart markert med eit gedigent fyrverkeri på toppen.

Thumb
Forbordsfjellet til venstre på biletet

Bruk

Ved toppen er det òg plassert TV-antenner og radiosendarar, og alle signal til Stjørdal går innom Forbordsfjellet. Forbordsfjellet er òg godkjent for paragliding, noko det egnar seg fint til då det ikkje er nokre større fjell nedom sjølve Forbordsfjellet i sørleg retning. Mange turistar såvel som fastbuande kjem opp til toppen for å sjå på utsikten over Nedre Stjørdalen, Åsenfjorden og mot Trondheim.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads