Keisarforuma

From Wikipedia, the free encyclopedia

Keisarforuma
Remove ads

Keisarforuma (italiensk og latin Fori Imperiali) viser til dei fem foruma (torga) som vart bygde etter tur nordom Forum Romanum i Roma.

Thumb
Detalj av dei såkalla «Colonnacce» på Nervas forum.

Torga vart bygde mot slutten av den romerske republikken, og i den fyrste tida til dei romerske keisarane. Romarriket var då under utviding. Folkeauken og den veksande administrasjonen i Roma førte etterkvart til at ein trong større plass enn Forum Romanum hadde. Nye torg vart bygde på nordsida. Gaius Julius Cæsar lét i år 54 fvt. det antikke bysentrumet utvida med eit nytt forum. Forumet vart bygd rett ved den gamle bygrensa under Kapitolhøgda. Forumet fekk seinare namnet Forum Iulium. I samband med Cæsars forum, fanst forretningslokale, men ved dei etterfølgjande torga fanst det berre domstolar, administrasjon, statshandlingarog rom for offentlege seremoniar. Den arkitektoniske prakta var eineståande.

Restane av keisarforuma vart i 1930-åra skjerma frå seinare byggjeprosjekt i samband med at ein bygde Mussolini sin store paradeveg, Via dell'Impero (i dag: Via dei Fori Imperiali) mellom Piazza Venezia og Colosseum. Mange underjordiske bygningsdelar vart framleis skjulte under vegen og dei plantingar, som vart etablerte langs han. I dei seinaste åra har det vore nye utgravingar i området.

Thumb
Dei fem keisarforuma
Remove ads

Dei fem keisarforuma

  • Cæsars forum/Forum Iulium (5129 fvt.)
  • Augustus' forum (innvigd i år 2 fvt.)
  • Vespasians forum/Forum pacis (innvigd i år 75 evt.)
  • Nervas forum/Forum transitorium (innvigd i år 97)
  • Trajans forum (107113)
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads