Fossekallfamilien
familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fossekallfamilien, Cinclidae, samlar fem artar i slekta Cinclus, einaste slekt i familien. Artane er særståande blant sporvefuglane (Passeriformes) for evna til å dukke og symje under vatn.
Remove ads
Distribusjon og habitat
Det finst fossekallar i passande ferskvatnhabitat i høglandet i Amerika, i Europa og i Asia. I Afrika finst det berre observasjonar i Atlasfjella i Marokko. Dei føretrekkjer kaldt, klart rennande vatn og lever på breidda av strie elver. Utanfor hekkesesongen kan dei vitja innsjøar og kyst.[1]
Tilpassing til undervassymjing
Fossekallane har generelt store likskapar med mange fuglar som lever på land, til dømes ved at dei ikkje har symjehud. Men dei har utvikla somme morfologiske og fysiologiske tilpassingar til livet i vatn. Vengene er relativt korte, men har kraftig musklar. Det gjer dei i stand til å nytte vengene som luffar under vatn. Dei har tjukk fjørdrakt med sterke feittstoff som vernar fjøra mot inntrenging av vatn. Augo har vel utvikla fokusmusklar som kan endre på krumminga på linsene for å betre synet under vatn. Naseflippar hindrar vatn å trengje inn gjennom nasebora. Fossekallar har ein høg konsentrasjon av hemoglobin i blodet samanlikna med landfuglar. Det aukar oksygenlagringskapasiteten og gjer dei skikka til å halde seg under vatn i minst 30 sekund.
Remove ads
Symbolsk tyding
Fossekallen er vald til norsk nasjonalfugl.
Artsliste
- Fossekall Cinclus cinclus i Europa.
- Brunfossekall Cinclus pallasii i Sør-Asia og Sentral-Asia.
- Gråfossekall Cinclus mexicanus i Sentral-Amerika og Nord-Amerika.
- Andesfossekall Cinclus leucocephalus i Sør-Amerika.
- Ruststrupefossekall Cinclus schulzi i Sør-Amerika.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads