Frøperle

From Wikipedia, the free encyclopedia

Frøperle
Remove ads

Frøperle eller rocaille[1][2] er små, einskapleg utforma perler til perlearbeid som kan vera under ein millimeter til nokre millimeter vidde. Dei er vanlegvis runde, men kan også vera meir sylindriske i utforming eller ha andre former. Dei kan brukast til perleveving, broderi, smykke og liknande. Dei fleste frøperler blir laga i Japan og Tsjekkia.

Thumb
Ulike frøperler
Thumb
Smykke med frøperler frå Botswana, laga før 1925.
Thumb
Kopi av eit frimerke laga med frøperler.

Storleiken på denne typen perler blir oppgjeven som 1/0 eller 1/°, 2/0 eller 2/° og så bortetter, med større tal for mindre storleikar. Den største storleiken på frøperler er vanlegvis 5/°, som er kring 5 mm vide. Det blir laga storleikar ned til 15/°. Tidlegare blei det også laga endå mindre perler.[3] Storleiken er ikkje standardisert, og kan variera mellom ulike produsentar.[4][5][6] Tabellen under gjev eit oversyn over tilnærma storleikar.

Meir informasjon Storleiksnemning, Diameter (mm) ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads