Franz Kafka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Franz Kafka (3. juli 1883–3. juni 1924) var ein tyskspråkleg forfattar frå Prag (Praha), hovudstaden i kongeriket Böhmen som då var ein del av Austerrike-Ungarn. Han er kjend som ein av dei store skikkelsane innan litteraturen på 1900-talet med verk som blander realisme med fantastiske element.[1] Det best kjende verket hans er romanen Der Process (‘Prosessen’). Romanen skildrar ein person som er utsett for uklåre skuldingar av eit ugjennomtrengeleg rettssystem. Av dette kjem nemninga Kafka-prosess.
Remove ads
Remove ads
Biografi
Kafka vart fødd i 1883 i ein tyskspråkleg jødisk familie i Prag (Praha) i Bøhmen, på den tida ein del av Austerrike-Ungarn, i dag hovudstad i Tsjekkia. Faren var ein Galanteriewaren-handelsmann, Hermann Kafka (1852-1931), og mora var Julie Kafka, fødd Löwy (1856-1934). Frå 1889 til 1893 gjekk Kafka på Deutsche Knabenschule ved Fleischmarkt i Praha og tok sin Matura i 1901. Han byrja å studera jus, og avla sin eksamen i 1906. Deretter arbeidde han for eit forsikringsselskap. Samstundes skreiv han på fritida. I 1917 vart han ramma av tuberkulose.
Kafka sitt tilhøve til den dominerande far sin var eit viktig tema i arbeida. I 1923 flytta han til Berlin i von om å koma vekk frå familien sin påverknad, og konsentrera seg om å skriva. Sjukdommen vart likevel verre, og han reiste attende til Praha. Han vart seinare innlagd på eit sanatorium i nærleiken av Wien. Her døydde han den 3. juni 1924. Han vart gravlagd i Neue Synagoge i Praha.

Kafka publiserte berre nokre få korte historier medan han levde, som berre utgjorde ein liten del av arbeidet. Han fekk difor ikkje stor merksemd i si levetid. Før han døydde, bad han venen og forleggjaren Max Brod og hans elskarinne Dora Dymant om å øydeleggja alle manuskripta hans. Dymant øydela lojalt dei manuskripta ho hadde, men Brod fylgde ikkje Kafka sine instruksar, og valde i staden å publisera dei.
Remove ads
Verkliste
Korte forteljingar (utval)
- «Das Urteil», 1913 (Dommen)
- «Die Verwandlung», 1915 (Forvandlinga)
- «In der Strafkolonie», 1919 (I straffekolonien)
- «Ein Landarzt», 1920 (Ein landsens lækjar)
- «Ein Hungerkünstler», 1924 (Ein sveltekunstnar)
Romanar
- Der Process, 1925 (Prosessen)
- Das Schloss, 1926 (Slottet)
- Amerika, 1927
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads