Franz Xaver Winterhalter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Franz Xaver Winterhalter (20. april 1805–8. juli 1873) var ein tysk målar og litograf som er mest kjent for portretta sine av kongelege og adelege personar frå samtida si. Dei mest kjende verka hans er måleriet ‘Eugénie av Frankrike omgitt av hoffdamene’ sine frå 1855 og portretta hans av keisarinne Elisabeth av Austerrike-Ungarn.
Remove ads
Bakgrunn
Winterhalter blei fødd i 1805 i den vesle landsbyen Menzenschwand i storhertugdømet Baden i Tyskland. Faren var bonde og rosin-produsent og hadde stor innverknad på Winterhalter.
I 1818, som trettenåring, drog han frå landsbyen for å studera teikning og gravering. Som 18-åring kom han til München, der han studerte på kunstakademiet. Karrieren til Winterhalter skaut fart då han i 1828 blei teiknelærar for den seinare storhertuginna av Baden, og han blei seinare utpeika til hoffmålar.
Seinare flytta han til Frankrike, der han måla nokre av medlemmer av kongehuset i 1838. Dette gav han eit internasjonalt gjennombrot.
Remove ads
Hoffmålar
Franz Xaver Winterhalter blei utnemnd til hoffmålar av kong Ludvig Filip av Frankrike, som gjennom åra bestilte over 30 portrett av seg sjølv og familien sin. Suksessen gav han rykte som ein spesialist innanfor aristokratisk og kongeleg portrettmåleri. Han var dyktig til å kombinera eit smigrande portrett med ei velliknande framstilling, og til å sameina pomp og prakt med samtidig mote.
Winterhalter såg i fyrste omgang på arbeidet sitt for dei kongelege som noko mellombels, og at han snart kom til å utføra meir akademiske og kunstkritiske maleri, men suksessen hans gjorde dette umogleg, og han arbeidde nesten utelukkande som portrettmålar for fyrstar og adel resten av livet.
Gjennom karrieren måla Winterhalter blant anna portrett av medlemmene av dei britiske, austerrikske, belgiske, russiske, spanske og fleire av dei tyske fyrstefamiliane.
Winterhalter var aktiv målar inntil få år før han døydde. Dei siste åra av livet sitt budde han i Baden, og han døde av tyfus i 1873.
Remove ads
Stil og målarteknikk
Den store suksessen Winterhalter fekk som portrettmålar kom av evna hans til å måla i ein opulent og eventyraktig stil, særleg når det gjaldt kvinner, og evna hans til å attgje juvelar og teksturen i klesdrakter. Stilen hans fall ikkje i smak hjå alle kunstkritikarar, som meinte han var overflatisk og jakta på popularitet. Dei kongelege og aristokratiske klientane hans elska derimot måten hans å framstilla dei på.
Galleri
- Dronning Maria Cristina av Spania, 1841
- Prinsesse Leonilla av Sayn-Wittgenstein-Sayn, 1843
- Napoleon III av Frankrike, ca. 1853
- Keisarinne Eugénie omgjeven av hoffdamer, 1855
- Grevinne Liza Przezdziecka (1857)
- Keisarinne Maria Alexandrovna av Rusland, 1857
- Erkehertug Maximilian av Austerrike, ca. 1857
- Landgrevinne Anna av Hessen, 1858
- Hertuginna av Morny, 1863
- Barbe de Rimsky-Korsakov
- Barbe de Rimsky-Korsakov
- Grevinne Varvara Alexeevna Musina-Pushkina
- Kong Louis-Philippe av Frankrike
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads