Fridomsgrad i fysikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fridomsgrad i fysikk seier noko om kor mange retningar eit punkt kan flytte seg i. Eit punkt som er bunde til å røre seg på ei linje og som berre har høve til forflytting langs denne linja. Ein seier at punktet har éin fridomsgrad. Eit punkt som kan røre seg i ei flate, har to fridomsgrader. Eit punkt som kan røre seg i alle tre retningar i eit rom, har tre fridomsgrader. Til å avgjere forflyttinga til punktet trengst det like mange koordinatar som det har fridomsgrader. Fridomsgrader spelar ei viktig rolle i kinetisk gassteori og statistisk mekanikk.
- Denne artikkelen handlar om fridomsgrad i fysikk. For andre tydingar, sjå fridomsgrad.
Remove ads
Kjelder
- Frihetsgrad: fysikk. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013 frå http://snl.no/frihetsgrad/fysikk.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads