Fritt frambyggbru

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fritt frambyggbru
Remove ads

Fritt frambyggbru, òg kalla FFB-bru, er ei nemning som vert nytta i Noreg om betongbruer som vert bygde utan at det er naudsynt å stø forskalinga for sjølve bruspennet opp med stillas frå terrenget eller på annan måte. Det vert bygd bruspenn samstundes ut frå kvar si side av ein eller fleire pilarar, slik at bruspenna på kvar side balanserer kvarandre med pilaren som støttepunktet. Forskalinga vert då laga som såkalla støypevogner som vert skyve utetter bruspennet på kvar side av pilaren etter kvart som kvar seksjon vert ferdig. Ei fritt frambyggbru vert difor ofte litt «humpete» av di det ikkje er lett å få overgangen mellom kvar ferdigstøypte seksjon heilt plan.

Thumb
Ei fritt frambyggbru under bygging
Thumb
Sørsundbrua i Kristiansund er ei av dei mange fritt frambyggbruene i Noreg

Fritt frambygg er ei vanleg brubyggingsmetode i Noreg, nytta i fleire vegsamband over fjordar og sund.

Remove ads

Bruer av anna materiale enn betong

Bruer bygde av stål i form av fagverksbruer, bogebruer, bjelkebruer og anna, kan likeeins vere sjølvberande under byggjearbeidet, men vert i Noreg vanlegvis ikkje kalla Fritt frambyggbru.



Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads