Frogner hovedgård

gard på Frogner i Oslo From Wikipedia, the free encyclopedia

Frogner hovedgård
Remove ads

Frogner hovedgård er ein tidlegare storgard i Oslo. Garden strekte seg frå Frognerelva til Skillebekk og frå Frognerkilen til Majorstustrøket. Han omfatta også store delar av Frognerparken. Hovudgarden dekka mesteparten av dagens Bydel Frogner, som han har gitt namn til, men ikkje Bygdøy og areala aust for Uranienborg og nord for Majorstuveien. Med til eigedommen høyrde Frognerseteren med Frognerseterskogane, og frå 1788 halve nabogarden Frøen vest for Frognerelva. Dei opphavlege delene av garden aust for Frognerelva og Frognerdammene kom innanfor byegrensene ved byutvidinga i 1878.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Frogner hovedgård i Skien.
Kjappe fakta Stad, Frogner hovedgård 59.924280555556°N 10.70305°E / ...

Bymuseet i Oslo, no ein del av Oslo Museum, har hatt tilhald på Frogner hovedgård sidan 1909.[1]

Remove ads

Historie

Garden låg i Aker herad som no er ein del av Oslo.

Garden eksisterte allereie som klostergods på slutten av 1300-talet. Garden vart krongods etter reformasjonen.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads