Fugleskremsel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fugleskremsel (fugleskræme) er ei innretning sett opp i hagar, dyrka mark og liknande for å halde fuglar frå å ete eller skade avlinga. Ofte er eit fugleskremsel forma meir eller mindre som ei etterlikning av eit menneske, med lause klede og andre ting som vinden kan sette i rørsle, eller forma som figurar som kan gje inntrykk av å vere flygande rovfuglar. Som fulgeskremsel vert det òg nytta strimlar av blenkande og knitrande aluminiumsfolie eller cdar som vert hengt opp på greinene i frukt- og bærtrea, eller på snorer over bærbuskane eller plantane.

Remove ads
Fugleskremsel i kulturen
I tillegg til nyttebruk kan ein også ha fugleskremsel som pynt, ofte i samband med haust, halloween og liknande. Fleire stader i verda blir det halde fugleskremselfestivalar der ein lager forseggjorte fugleskremsel.
Det finst fleire døme på levande eller medvitne fugleskremsel i litteratur og tradisjon. I japansk mytologi har jordbruks- og kunnskapsguden Kuebiko form som eit fugleskremsel. Han kan ikkje røra på seg, men oppfattar alt. I novella «Feathertop» frå 1852 av Nathaniel Hawthorne blir eit fugleskremsel fortrolla slik at det blir levande. Eit levande fugleskremsel på jakt etter hjerne er ein av hovudfigurane i boka The Wonderful Wizard of Oz (1900 ) og filmatiseringa The Wizard of Oz (1939). «The Scarecrow», eit fugleskremselvesen, opptrer som fiende for Batman i fleire teikneseriar og filmane Batman Begins (2005) og The Dark Knight (2008).
Remove ads
Galleri
- Fransk fugleskremsel
- Nordirsk fugleskremsel.
- Fugleskremsel i Indiana i USA.
- Fugleskremsel i Kerala i India.
- Hovud som fugleskremsel i England.
- Daud kråke brukt som fugleskremsel.
Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Scarecrow» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads