Full House
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Full House er det femte albumet til folkrockgruppa Fairport Convention og det første albumet deira utan ein kvinneleg vokalist, etter at Sandy Denny hadde forlate dei for å danne Fotheringay. Albumet kom ut i 1970. Ashley Hutchings, som hadde vore med frå starten, forlet òg bandet for å starte Steeleye Span, og Dave Pegg kom inn på bass. Richard Thompson forlet òg bandet kort tid etter albumet kom ut for å starte sin eigen solokarriere.[2]
Som på det førre albumet, Liege & Lief, gjorde dei nye versjonar av tradisjonelle folkeviser. Mange av dei vart slått saman i medleyar, som «Dirty Linen» og «Flatback Caper». På albumet finn ein òg den ni minuttar lange «Sloth», som har vorte spelt på konsertane til bandet i årevis, og som er skildra som «uforgløymeleg, stemningsskapande og blendande».[2]
Allmusic har skildra albumet som «faktisk meir spennande enn forgjengaren, Liege and Lief, sjølv om det ikkje var like viktig»[2] og Full House gjekk inn på den britiske albumlista den 18. juli 1970, og vart liggande 11 veker med ein 13. plass som beste plassering.[3] Kritikaren til Rolling Stone var òg entusiastisk og skildra albumet som «... det engelske svaret på The Band ... dei har teke til seg så mykje av folkemusikktradisjonen at det byrjar å syne overalt, medan dei samstundes har røtene sine i rocken».[4]
Remove ads
Innhald
Den originale utgåva av Full House skulle opphavleg bestå av desse songane:
Det vart gjort testtrykk med denne rekkefølgja, men før albumet kom ut offisielt, kravde Richard Thompson at «Poor Will And The Jolly Hangman» skulle fjernast. Dette vart gjort så seint at dei første plateomslaga alt hadde vorte trykte med den opphavlege sporlista. Dei måtte trykke ein svart boks å kliste over den originale lista.[7]
Den faktiske utgåva
Rekkefølgja på den originale utgåva var[8]
2001-utgåva
I 2001 gav Island Records ut ei utvida utgåve av Full House som følgde den orignale sporlista og med fire bonusspor i tillegg:
- «Now Be Thankful» (original monomiks)
- «Sir B. McKenzie's Daughter's Lament for the 77th Mounted Lancer's Retreat from the Straits of Loch Knombe, in the Year of Our Lord 1727, on the Occasion of the Announcement of Her Marriage to the Laird of Kinleakie»
- «Bonny Bunch of Roses»
- «Now Be Thankful» (ein ny stereomiks)
«Now Be Thankful» og «Sir B. McKenzie’s...» vart opphavleg gjevne ut som singel i 1970. Begge songane vart spelte inn 22. juli 1970 i Sound Techniques, London.
Fairport Convention si studioinnspeling av «Sir B. McKenzie's..» bestod av «Biff, Bang, Crash» (Trad.), «The Kilfenora» (Trad.) og «Boston Tea Party» (Dave Swarbrick). Då singelen kom ut spelte bandet medleyen som «Bonny Kate» (Trad.), «The Kilfenora», «Boston Tea Party» og «Biff, Bang, Crash». I løpet av få år bestod «Sir B. McKenzie's...» av medleyen med «Tail Toddle»" (Trad.) til slutt. Mot slutten av 1970-åra var òg den tradisjonelle «Up The Chimney» òg lagt til.
Tittelen «Sir B. McKenzie’s Daughter’s Lament For the 77th Mounted Lancer's Retreat From The Straits Of Loch Knombe, In The Year Of Our Lord 1727, On The Occasion Of The Announcement Of Her Marriage To The Laird Of Kinleakie» var bandet sitt forsøk på å kome inn i Guinness Rekordbok for lengste songtittel.
«Bonny Bunch Of Roses» vart spelt inn ein månad etter Full House i Gold Star Studios i Los Angeles, og vart miksa først 18 år seinare for utgjevinga av Fairport Convention-samlinga Meet On The Ledge: The Classic Years (1967–1975), på A&M Records i 1999.
Stereomiksen av «Now Be Thankful» (ein heilt annan miks enn den som finst på Richard Thompson sitt Watching The Dark) vart gjort av Lee Hamblin og Frank Kornelussen og tidlegare gjeven ut på Island Life, 25 Years Of Island Records i 1988.
Remove ads
Medverkande
- Dave Swarbrick - vokal, fele, bratsj, mandolin
- Richard Thompson - vokal, elektrisk gitar
- Dave Pegg - vokal, bassgitar, mandolin
- Dave Mattacks - trommer, perkusjon, harmonium, bodhran
- Simon Nicol - vokal, elektrisk & akustisk gitar, bassgitar, elektrisk dulcimer
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads