Fulan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Fulan (eller Fuluälven) er ei elv i Dalarnas län i Sverige. Ho er ei tilløpselv til Västerdalälven. Namnet vart tidlegare òg brukt om heile Västerdalälven. Elva er 80 kilometer lang.[1] og har eit nedslagsfelt på 882 km².[2]

Fulan startar frå Övre Fulusjön i Älvdalen kommun, rundt 10 kilometer vest for Idre (ved riksväg 70 mot Noreg) og renn herfrå sørover mot Mellersta Fulusjön og Nedre Fulusjön. Deretter bøyer elva av mot søraust rundt Fulufjället (1040 moh), før ho igjen snur mot sør. Ved Fulunäs renn ho saman med Görälven (Ljøra) og dannar Västerdalälven.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads