Fyldal
matrikkelgard i Ørsta kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fyldal er ein matrikkelgard i Ørsta kommune, gardsnummer 24 i Ørsta. Han ligg i Follestaddalen, på vestsida av Storelva. Garden hadde fire bruk i fleire hundre år, i fyrste halvdelen av 1900-talet vart han delt i til saman sju bruk.
Mot nord grensar Fyldal mot den nærliggjande garden Langstøyl, i sør mot Rebbestad.
Fyrste utskiftinga av garden fann stad i 1869. Med grunnlag i fonnfaren vart ikkje klyngjetunet utflytt. Dette var ikkje oppløyst før enn etter ei ny utskifting vart avslutta i 1957. Garden hadde seter i Romedalen, kalla Kubbestøylen.
Fv 55 er tilkomst for Fyldal.
Remove ads
- 1801: 27 personar (4 heimar)
- 1865: 31 personar (4 heimar)
- 1900: 31 personar (4 heimar)
- Øye, Asbjørn: Follestaddalen i farne dagar, Stend 1983
- Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads