Gælisk salmesong

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Gælisk salmesong (Salmadaireachd)[1] er ein tradisjon for å synga salmar frå dei bibelske Salmane i presbyterianske, skotsk-gæliske kyrkjelydar på dei Ytre Hebridane i Skottland.

Struktur og stil

Salmane blir sungne utan akkompagnement, i ein stil kjend som «lining out» eller «presenting the line», der fyrstesongaren, eller «precentor», syng ei linje fyrst, og resten av forsamlinga følgjer han. Kvar songar kan brodera ut melodien som dei vil, i såkalla fri heterofoni.[2][3] Musikkstilen til gælisk salmesong er påverka av piobaireachd-musikk frå det skotske høglandet, med frekvent og karakteristisk bruk av ornamentering og forslag.[3]

Remove ads

Historie

Skikken med å synga salmar på denne måten var utbreidd i England og låglandet i Skotland på 1600-talet. I 1644 gav Westminster Assembly påbod om å nytta han i gudstenester, men det finst prov på at det var ein folkeleg skikk i engelske protestantiske kyrkjer allereie før dette.[4] I 1659 blei salmeboka omsett til gælisk for fyrste gong, og ein går ut frå at høgslandsfolk byrja å synge salmane etter dette.[5] Dei brukte melodiar som var komponerte i England og Låglands-Skottland til salmene, men forsira dei med ornamentering og forslag. Dette prega musikken så mykje at den tyske musikaren Joseph Mainzer, som gav ut ein studie av gælisk salmesong i 1844, meinte at dei opphavleg melodiane dei bygde på knapt kunne høyrast.[6]

Songforma har vore vanleg i alle protestantiske, gælisktalande regionar i Skottland, men er gått tilbake til å berre brukast i nokre få kyrkjelydar i dei skotske Hebridane, hovudsakleg på Lewis, men òg på Harris, Nord Uist, Benbecula og Skye. På 1900-talet opptredde ho òg i regionar av Låglands-Skottland med mykje innvandring frå Høglandet, som Partick i Glasgow.

Remove ads

I kulturen

Gælisk salmesong var den viktigaste inspirasjonen til Runrig sin song «An Ubhal as Àirde (The Highest Apple)» på albumet The Cutter and the Clan.

Delar av salmesongen er blitt nytta i songar av Capercaillie og Martyn Bennett.

Gæliske salmar er blitt spreidde gjennom albumserien Salm, produsert av Lewis-fødte Calum Martin. Det er gjeve ut fleire album, mellom anna eit livealbum spelt inn ved Celtic Connections med tittelen Salm and Soul som har både gælisk salmesong og eit afro-amerikansk gospelkor.

I 2019 gjorde songar-låtskrivaren Roxanne Tataei og gæliske salmesongarar i Stornoway ei innspeling som blei dokumentert i ein episode av BBC Radio 4-programmet The Sound Odyssey.[7]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads