Generalavtalen om toll og handel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Generalavtalen om toll og handel (GATT: General Agreement on Tariffs and Trade) var ein multilateral juridisk avtale mellom fleire land, med overordna føremål om å fremja den internasjonale handelen ved å redusera eller fjerna hinder ved handel som toll- og handelskvoter.
- «GATT» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå GATT (fleirtyding).
Historie
Avtalen vart fyrste gong drøfta under ein konferanse om handel og sysselsetjing i regi av SN, og var eit fåfengt forsøk på å skipa Internasjonal Trade Organization (ITO). GATT-avtalen vart skriven under av 23 statar i Genève den 30. oktober 1947, og tredde i kraft den 1. januar 1948. Han vart verande i kraft, inntil 123 statar skreiv under dei såkalla Uruguay-runde-avtalane i Marrakech den 14. april 1994. Som ein del av denne avtalen vart GATT avløyst av etterfylgjaren World Trade Organisasjon (WTO) den 1. januar 1995. Den opphavlege GATT-teksten (GATT 1947) er likefullt i kraft under WTO, med atterhald for endringane i GATT i 1994.[1]
I alt var det ni GATT-rundar med forhandlingar om å gjennomføra monalege tollreduksjonar.
GATT, og etterfylgjaren WTO, har suksessfullt redusert tollsatsane. Det gjennomsnittlege nivået for tollsatsar i dei store GATT-landa var ikring 22 % i 1947, medan berre 5 % etter Uruguay-runden i 1999.[2] Ein del av desse toll-endringane har førekome etter innsatsen i regi av GATT og seinare WTO.[3][4][5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads