Galitsj
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Galitsj (russisk Га́лич) er ein by i Kostroma oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Byen ligg på sørsida av Galitsjsjøen, rundt 110 km nordaust for Kostroma.
- For den ukrainske byen med same namn på russisk, sjå Halytsj.
Remove ads
Historie
Byen vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1234, som Grad Merskij (dvs. byen til merjaane). Han utvikla seg gradvis til eit av dei største sentera for utvinning av salt i Aust-Europa og overskugga den sørlege byen Halytsj som han er kalla opp etter. På 1200-talet var byen styrt av ein yngre bror av Aleksander Nevskij og var hos etterkomarane hans til 1363, då moskovittane erobra byen og jaga den herskande familien til Novgorod.
1400- og 1500-talet vert kalla gullalderen til Galitsj. På den tida kontrollerte byen mesteparten av den russiske handelen i salt og pelsverk. Dmitrij Sjemjaka og andre lokale fyrstar hevda sin rett til trona til Moskva og tre av dei tok faktisk Kreml i Moskva under den store føydalkrigen.
Jordvollane frå mellomalderen vart ytterlegare forsterka på 1400- og 1500-talet og er seinare kjend som Sjemjakabakkane. Polakkane brende byen ned til grunnen i 1612. Peter den store reiv ned ein tre-kreml. Byen gjekk ytterlegare tilbake i og med overføringa av utanrikshandelen til Russland frå Arkhangelsk til St. Petersburg.
Remove ads
Økonomi og næringsliv

Galitsj Mobilkranfabrikk (russisk: ОАО Галичский автокрановый завод) produserer rundt 20 % av samla produksjon av mobile kranar i Russland.
Industrien i byen produserer òg stålfat, sko og klær. Det er òg eit sagbruk i byen.
Byen er eit mindre knutepunkt på den transsibirske jernbanen.
Kultur
Historiske monument i Galitsj omfattar forskjellige bygningar frå keiserdøme-perioden i russisk historie. Særskild verd å merke seg er Paisijevklosteret, grunnlagd tidleg på 1300-talet og med ein femkupla katedral frå 1500-talet og ei trekupla kyrkje frå 1642.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads