Bekkasinar

fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Bekkasinar
Remove ads

Bekkasinar er ei biologisk slekt Gallinago av 17 fugleartar i snipefamilien, Scolopacidae. Dei er karakteriserte av eit særs langt, tynnt nebb og kamuflasjefarga fjørdrakt. Gallinago-bekkasinar har ein nesten verdsomspennande distribusjon. Saman med kvartbekkasin, einaste medlemmen i slekta Lymnocryptes, utgjer Gallinago-bekkasinar alle artar med det norske fellesnamnet bekkasin.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Bekkasinar søkjer etter virvellause dyr i gjørme med det lange nebbet i ei symaskinrørsle. Nebbet til bekkasinen er kjenslevart til det ekstreme gjennom ei rekkje tynne nervetrådar som høyrer til det femte paret av nervar. Dei går nesten til spissen og endar umiddelbart under den mjuke underhuda i ei rekkje av celler. Dei gjev denne delen av overflata av overnebbet ein bikakeliknande utsjånad. Dermed blir nebbet eit mykje ømfintleg føleorgan, og med hjelp av dette, er dei samstundes i stand til å identifisere kva slags objekt dei treffer når dei søkjer i jord og gjørme, jamvel om desse objekta er heilt ute av syne.[1]

Dei fleste bekkasinar har særeigne fluktspel, vanlegvis gjeve ved daggry eller skumring, der dei pressar luft på tvers av ytre stjertfjør for å skape vibrasjonar som dannar lydar under korte stup i lufta.

Remove ads

Taksonomi

Bekkasinar er ein del av snipefamilien Scolopacidae. Dei 17 typiske bekkasinane i slekta Gallinago er dei næraste slektningane av rugder, medan dei mindre slektene Coenocorypha og Lymnocryptes representerer tidlegare divergensar i bekkasin-rugde-kladen.[2]

Kvartbekkasin, Lymnocryptes, er avgrensa til Asia og Europa. Liknande fuglar, dvergrugder i slekta Coenocorypha, finst berre på dei ytre øyane i New Zealand. Dei tre artane av riksesniper liknar òg bekkasinar, men er ikkje nært relatert til dei typiske bekkasinar, og er plassert i sin eigen familie, Rostratulidae.

Artslista

Gallinago-bekkasinane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]

  • Fjellbekkasin, Gallinago solitaria
  • Japanbekkasin, Gallinago hardwickii
  • Himalayabekkasin, Gallinago nemoricola
  • Dobbeltbekkasin, Gallinago media
  • Indianarbekkasin, Gallinago delicata
  • Enkeltbekkasin, Gallinago gallinago
  • Søramerikabekkasin, Gallinago paraguaiae
  • Punabekkasin, Gallinago andina
  • Edelbekkasin, Gallinago nobilis
  • Kjempebekkasin, Gallinago undulata
  • Nordandesbekkasin, Gallinago jamesoni
  • Sørandesbekkasin, Gallinago stricklandii
  • Keisarbekkasin, Gallinago imperialis
  • Sibirbekkasin, Gallinago stenura
  • Bajkalbekkasin, Gallinago megala
  • Afrikabekkasin, Gallinago nigripennis
  • Madagaskarbekkasin, Gallinago macrodactyla
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads