Galtabäcksskipet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Galtabäcksskipet
Remove ads

Galtabäcksskipet er eit arkeologisk funn frå Galtabäck i Halland i Sverige. I 1928 vart det framgrave ein knarr, eit handelsskip frå mellomalderen. Undersøking av trerestane syner at det vart bygd i omlag 1195.

Thumb
Galtabäcksskipet under utgraving i 1928

Skipet, som var bygd i eik, var klinkbygd og hadde T-forma kjøl. Båe stamnane var i dårleg forfatning, og det er noko uvist kor langt skipat har vore. I 2007 vart det sjøsett ein nybygd kopi, «Galten», som er 14 meter lang og 4 meter brei.

Skipet som vart utgreve i 1928, vert kalla Galtabäck I. Dette for å skilje det frå eit anna skipsfunn frå same område og frå omlag same tid. Dette funnet vert kalla Galtabäck II. Dette er ikkje utgrave.

Båe skipa har vore av omlag same storleik, og har vore av vanleg type fraktefartøy langs nordiske kystar i Mellomalderen.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads