Gammalkatolikkar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gammalkatolikkar
Remove ads

Gammalkatolikkar er ei religiøs gruppering som oppstod på 1700-talet grunna strid mellom ulike kyrkjesamfunn og paven. Dei godtek doktrinane frå dei sju kyrkjekonsila frå før det store skismet i 1054, og legg elles vekt på Vincent av Lérins si utsegn om å tru på «det alle, alle stader, alltid har trudd».[1]

Thumb
Domkyrkja i Utrecht. Erkebiskopen i Utrecht leiar den gammalkatolske kyrkjekongressen.

Den jansenistiske Utrecht-kyrkja braut banda med Roma då ho blei ekskommunisert i 1724. Det første Vatikankonsilet i 1870 førte til meir usemje, der kyrkjer som mellom anna ikkje godtok trua på paven som ufeilbarleg, også blei ekskommuniserte. I 1889 gjekk nederlandske og tyske kyrkjer saman i Utrecht-unionen. Sidan har erkebiskopen av Utrecht vore leiaren for den internasjonale gammalkatolikk-kongressen.

Dei gammalkatolske kyrkjene er nært knytte til den anglikanske kyrkja, som dei er i kommunion med.[2] Dei er også medlem av Kyrkjenes verdsråd.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads