Rapido
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rapido er ei 40 km lang elv i Lazio i Italia. Elva renn gjennom Ciociaria i provinsen Frosinone.
Rapido har utspring på grensa mellom Lazio og Molise i fjellsida i Mainardefjella. Elva renn gjennom området Sant'Elia Fiumerapido her ho vidare vert kalla Gari og nær Cassino renn ho i lag med Liri og dannar Garigliano.
Fleire karstkjelder renn ut i elva og ho har derfor relativt stor og jamn vassføring. I gjennomsnitt er vassføringa 25 m³/s og aldri under 10 m³/s.
Elva var åstad for eit blodig slag i januar 1944 då dei allierte prøvde å opprette eit bruhovud for å innleie åtak på Gustavlinja nær Monte Cassino.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rapido River» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads