Geir Grung
norsk arkitekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Geir Grung (13. desember 1926–16. mars 1989) var ein norsk arkitekt fødd i Bergen. Grung var son av funkisarkitekten Leif Grung. Han flytta tidleg frå Bergen og fekk base i Oslo etter utdanninga. Han hevda seg tidleg, og fekk stor inspirasjon frå læremeisteren sin på Statens håndverks- og kunstindustriskole, Arne Korsmo. Vasskraftanlegga til Hydro Energi i Røldal-Suldal er arkitektoniske meisterverk. Anlegga vart teikna i 1968. Grung har òg teikna transformatorstasjonar og administrasjonsbygget til A/S Tyssefaldene i Tyssedal.
Remove ads
Litteratur
- Bøe, Alf: Geir Grung; arkitekten og hans verk, Oslo 2001.
- Møllerhaug, Nicolas H.: «Røldal Suldal kraft- ein romodyssé.» I Dag og Tid nr. 9 laurdag 1. mars 2003.
- Fødsels- og dødsdato frå utdjupande artikkel om Grung skriven av Elisabeth Seip for NBL.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads