Den genetiske koden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den genetiske koden
Remove ads

Den genetiske koden er i hovudsak felles for alt liv på jorda. Berre bakteriar og arkebakteriar har mindre avvik. Denne koden bestemmer korleis protein skal byggjast opp på grunnlag av RNA-molekyl som igjen er avskrivingar av DNA-molekyla. Basane vert lesne tre og tre, og kvar triplettkombinasjon kodar for ei bestemt aminosyre. Ein slik triplett av basar vert kalla eit kodon. Tre av kombinasjonane kodar ikkje for noka aminosyre, og gjev eit brot i aminosyrekjeda. Aminosyrekjeda vert kalla eit peptid. Det er fire typar basar i RNA-molekylet som vert forkorta U, C, A og G. Dette gjev 64 moglege triplettkombinasjonar. Kombinasjonen AUG vert lesen som startpunkt i byrjinga av ein sekvens, men som aminosyra metionin (Met) inne i ein sekvens.

Thumb
Illustrasjon over den genetiske koden, lesen frå inst til ytst i sirkelen. Kvar aminosyre er representert ved ein eigen bokstav, som er aller ytst i sirkelen. Til dømes gjev kodonet GGU aminosyra glysin (G).
Remove ads

Tabell over den genetiske koden

ikkje-polar polar basisk syre (stoppkodon)
Meir informasjon Andre basen, U ...
A Kodonet AUG kodar for metionin samstundes som det er eit startkodon: omsetjinga av eit mRNA-molekyl til ei peptidkjede byrjar ved det fyrste AUG-kodonet i mRNA-molekylet
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads