George Washington

From Wikipedia, the free encyclopedia

George Washington
Remove ads

George Washington (22. februar 173214. desember 1799) var den fyrste presidenten i USA. Han sat som president frå 1789 til 1797. I tillegg til rolla som politikar var Washington også plantasjeeigar og militærleiar.

Kjappe fakta Periode, Parti ...
Remove ads

Oppkalla etter George Washington

Hovudstaden i USA, Washington, DC, er oppkalla etter han. District of Columbia vart oppretta gjennom eit vedtak i kongressen i 1790. Washington var mykje med på opprettinga, irekna plassering av det kvite huset. Washington-monumentet er eit av dei mest kjende landemerka i byen og vart bygd til ære for han. Universitetet George Washington University vart oppkalla etter han. Det økonomiske grunnlaget for universitetet var mellom anna aksjar som George Washington hadde gjeve for å oppretta eit nasjonalt universitet i byen.

Delstaten Washington ligg nord i USA på Stillehavskysten. Han er den einaste delstaten som er oppkalla etter ein president.

Washington valde West Point i New York til stad for militærakademiet i USA. Marinen i USA har oppkalla tre skip etter president Washington.

Andre døme inkluderer George Washington Bridge, som går mellom New York City og New Jersey.

Føregangar
President i USA
17891797
Etterfylgjar
John Adams
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads