Georgetown på Ascension

From Wikipedia, the free encyclopedia

Georgetown på Ascensionmap
Remove ads

Georgetown er hovudstad og største tettstaden på Ascension i det britiske territoriet St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha. Georgetown ligg vest på øya, ved Clarence Bay og under Cross Hill Han har 200-500 innbyggjarar, og er for ein landsby å rekna. Det finst ei hamn og ein militæflyplass, Wideawake Airfield, her. Georgetown har og ein pir og strender like ved.

Kjappe fakta LandBritisk oversjøisk territorium Øy, Innbyggjarar ...

I sentrum for busetnaden ligg St Mary's Church og Exile's Club, begge bygd på 1830-talet. I tillegg har Georgetown ein annan klubb, The Saints Club, butikk, postkontor, politi- og tinghus, sjukehus, tannlegekontor, bibliotek og stadion. Georgetown Hall frå rundt 1900 er eit forsamlingshus som tidlegare blei brukt til filmframsyningar og no blir brukt til bowling.

Georgetown blei grunnlagd rundt 1815, då britane anla ein liten garnison der. Staden blei lenge kalla «Garrison». På kong Georg III av Storbritannia sin fødselsdag den 3. april 1829 fekk staden namnet «Georgetown». I 1830 blei busetnaden flytta til eit høgareliggjande område der han ligg i dag.

Det er bygd fleire festningar i og ved Georgetown. Restane av ein av dei, Fort Bedford, ligg på Cross Hill, og var i bruk under andre verdskrigen. Ein annan tidlegare festning er gjort om til museum.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads