Geothallus tuberosus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Geothallus tuberosus er ein utrydddingstrua levermose. Han er einaste art i slekta Geothallus.
Remove ads
Skildring
G. tuberosus er thalloid, med bladliknande utvekstar som sit langs eit tjukt, djupgrønt stilkaktig thallus. Baksida av thallus ber mange flaskeaktige utvekstar, som husar kjønnsorgana, som sit på kvar si plante (serkjønna).
Til motsetnad frå artane i slekta Sphaerocarpos, dannar G. tuberosus knollar. Desse veks ytst på thallus og er svarte. Sporofyttane sit rett på thallus, til skilnad frå Fossombronia longiseta, som han elles er til forveksling lik. Hjå F. longiseta sit sporofyttane ytst på lange seta. Denne arten ber heller ikkje kjønnsorgana inne i «flasker», og thallus er gjerne ein ljosare grønfarge.
Remove ads
Utbreiing
Arten er svært sjeldan, og er berre dokumentert i eit lite område i det sørlege California, nær San Francisco. Han veks i blautt jordsmonn, og er svært utryddingstrua.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads