Gerhard Geelmuyden

norsk prest From Wikipedia, the free encyclopedia

Gerhard Geelmuyden
Remove ads

Gerhard Geelmuyden (17041764) var sokneprest i Leikanger frå 1750 til 1764.

Thumb
Leikanger prestegardNorsk Folkemuseum.

Gerhard Geelmuyden var kjøpmannsson frå Bergen. Han gifta seg i 1738 med Barbara Marie Leganger. Geelmuyden starta karrieren som personellkapellan under svigerfar Iver Iversen Leganger. Han sikra seg expectance (fyrsterett) på kallet i 1745, og tok såleis over då svigerfaren gjekk bort fem år seinare.

Geelmuyden bygde den staslege hovudbygningen på Leikanger prestegard i 1752. Denne var i bruk fram til 1911, då han vart flytt til Norsk FolkemuseumBygdøy. Som prest var Geelmuyden middelmådig og kranglevoren, og kan ikkje reknast blant biskopane Pontoppidan og Tidemand sine favorittar. Personellkapellan Jørgen Johan Ibsen måtte rømma prestegarden grunna Geelmuydens «voldsomme adferd mod ham».

Remove ads

Kjelder

Føregangar
Iver Iversen Leganger
Sokneprest i Leikanger
17501764
Etterfylgjar
Ole Bernhoft Friis
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads