Gerygonar
slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gerygonar er ei biologisk slekt, Gerygone, av 19 fugleartar i tornsmettfamilien, Acanthizidae. Slekta har utbreiingsområde frå Søraust-Asia gjennom Ny-Guinea og Australia til New Zealand og Chatham-øyane. Vi finn dei fleste av artane i Australia og på Ny-Guinea, berre éin, orientgerygone, har klart å krysse Wallace-linja og kolonisere så langt vest som Thailand, Malaysia og Filippinene.
Gerygonar er insektetarar som hentar det meste av føda si ved å plukke ho frå bladverket på tre og buskar. Dei er små fuglar, dei fleste veg i gjennomsnitt 6-7 gram, og viser liten variasjon i storleik på tvers utbreiingsområdet sitt, unntaket er øyarten kvitpannegerygone som er nesten dobbelt så stor som dei andre i slekta.
Songane deira er skildra som «-enkle, men herlege», mange fallande i tonehøgd, og nokre artar er gode etterliknarar. 'Gerygone' tyder «født av lydar».[1]
Remove ads
Artslista
Gerygonar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Brungerygone, Gerygone mouki, Brown Gerygone, Mathews, 1912, (LC)
- Igatagerygone, Gerygone igata, Grey Gerygone, (Quoy & Gaimard, 1832), (LC)
- Norfolkgerygone, Gerygone modesta, Norfolk Gerygone, Pelzeln, 1860, (NT)
- Kvitpannegerygone, Gerygone albofrontata, Chatham Gerygone, Gray, GR, 1845, (LC)
- Gulflankegerygone, Gerygone flavolateralis, Fan-tailed Gerygone, (Gray, GR, 1859), (LC)
- manglar norsk namn, Gerygone citrina, Rennell Gerygone, Mayr, 1931, (LC)
- Berggerygone, Gerygone ruficollis, Brown-breasted Gerygone, Salvadori, 1876, (LC)
- Orientgerygone, Gerygone sulphurea, Golden-bellied Gerygone, Wallace, 1864, (LC)
- Rustflankegerygone, Gerygone dorsalis, Rufous-sided Gerygone, Sclater, PL, 1883, (LC)
- Mangrovegerygone, Gerygone levigaster, Mangrove Gerygone, Gould, 1843, (LC)
- Timorgerygone, Gerygone inornata, Plain Gerygone, Wallace, 1864, (LC)
- Flekkhalegerygone, Gerygone fusca, Western Gerygone, (Gould, 1838), (LC)
- Kvitaugegerygone, Gerygone tenebrosa, Dusky Gerygone, (Hall, R, 1901), (LC)
- Stornebbgerygone, Gerygone magnirostris, Large-billed Gerygone, Gould, 1843, (LC)
- Biakgerygone, Gerygone hypoxantha, Biak Gerygone, Salvadori, 1878, (VU)
- Gulbukgerygone, Gerygone chrysogaster, Yellow-bellied Gerygone, Gray, GR, 1858, (LC)
- Grønryggerygone, Gerygone chloronota, Green-backed Gerygone, Gould, 1843, (LC)
- Kvitstrupegerygone, Gerygone olivacea, White-throated Gerygone, (Gould, 1838), (LC)
- Skjeggerygone, Gerygone palpebrosa, Fairy Gerygone, Wallace, 1865, (LC)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads