Getzisen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Getzisen er ein isbrem i Antarktis. Han er over 480 km lang og frå 30 til 100 km brei. Han ligg på grensa til Hobbs og Bakutis Coat i Marie Byrd Land mellom McDonald Heights og Martin Peninsula. Fleire store øyar ligg delvis eller heilt inne i isbremmen.
Isbremmen vestover frå Siple Island vart oppdaga av United States Antarctic Service (USAS) i desember 1940. Delen austover frå Siple Island vart først skissert frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47. Heile isen vart kartlagt av United States Geological Survey frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1962–65. Han vart namngjeve av USAS (1939–41) etter George F. Getz frå Chicago, som skaffa sjøflya nytta på ekspedisjonen.[1]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads