Gibostad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gibostad [jị-] (nordsamisk Čoalbmi) er ein tettstad med 321 innbyggjarar per 1. januar 2024 i Senja kommune i Troms. Staden ligg på nordaustsida av Senja, ved Gisundet. Riksveg 861 går gjennom staden og det er om lag 20 km til Gisundbrua. Gibostad har vore ein viktig handelstad, og var fram til midten av 1960-talet også kommunesenteret i Lenvik. I hamneområdet er det fleire verna hus frå stordomstida. Senja videregående skole med mellom anna landbrukslinje ligg i Gibostad.
Namnet kjem av norrønt Geigubólstaðr; Geiga har kanskje vore namn på Gisundet, kan høyre til norrønt geiga 'vingle, gå skeivt'; siste ledd tyder 'bustad'.
Fram til 1985 hadde Gibostad ferjesamband med Bjorelvnes.

Tettstadet har i dag barne- og ungdomsskule, barnehage, legekontor, to daglegvareforretningar, post i butikk, båtslipp, bilverkstad og bensinstasjon.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads