Gießen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gießen er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 100 000 innbyggjarar, der 22 000 er studentar ved universitetet.
Gießen tyder å «helle», som i vatn. Byen ligg ved elva Lahn, om lag 50 km nord for Frankfurt og er omringa av mange innsjøar og elvar.
Gießen oppstod då det vart bygd eit slott ved breidda av elva i 1152 av grev Vilhelm von Gleiberg. Historia til forstaden i nordaust kalla Wieseck går tilbake til 775. I 1607 vart universitetet Justus Liebig-Universität Gießen grunnlagd. I 1977 vart Gießen slått saman med nabobyen Wetzlar og danna den nye byen Lahn; men denne avgjersla vart snudd om i 1979.
Under den andre verdskrigen låg det ei underavdeling av Buchenwald konsentrasjonsleir i byen. I 1944 vart byen kraftig bombardert og det meste av dei historiske byen og 75 % av byen vart øydelagd.
Remove ads
Bilete
- Byen ligg ved elva Lahn.
- Luftfoto over sentrum.
- Byteateret.
- Det gamle slottet frå kring år 1300.
- Det nye slottet frå 1539.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads