Dansen giga

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dansen giga
Remove ads

Giga eller gigue er ein livleg barokkdans som har opphav frå den britiske giggen. Han vart importert til Frankrike på midten av 1600-talet[1] og finst vanlegvis som den siste satsen i ein suite. Han er vanlegvis i 3/8-takt, eller liknande taktar som 6/8, 6/4, 9/8 eller 12/16, men det finst òg nokre gigaer som er skrivne i andre taktartar (som til døømes gigaen i den første av Bach ein Franske suitar (BWV 812), som er skriven i 4/4). Dei har ofte ein kontrapunktisk tekstur. Det tredje taktslaget vert ofte lagt vekt på, og gigaen er derfor ein livleg folkedans. Komponistar som har komponert gigaer er mellom andre Johann Sebastian Bach og Georg Friedrich Händel.

Gigue frå Suite i e-moll BWV 996 af Johann Sebastian Bach.
Thumb
La gigue des salons. Illustrasjon frå 1883.
Konsertsuite i D-dur for orkester og viola da gamba, TWV55:D6, av Georg Philipp Telemann - 7. Gigue. Presto. Framført av Advent Chamber Orchestra med Stephen Balderston på cello.
Remove ads

Namn

På 1100-talet fanst ein liten fiolin kalla gigje. Ein av dansane som vart spelt med denne fiolinen fekk snart same namnet.

Sjå òg

  • Gigg (folkedans)
  • Loure (langsam giga)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads