Gjesdal kommune

kommune i Rogaland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Gjesdal kommune
Remove ads

Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke. Gjesdal er rekna å vera ein del av Høg-Jæren. Kommunen grensar i nordvest og nord mot Sandnes, i aust mot Sirdal, i sør mot Bjerkreim, og i vest mot Time.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, om lag 30 km søraust for Stavanger. Arealfordeling: jordbruk: 6 %, produktiv skog: 5 %, ferskvatn: 8 %, anna areal: 81 %. Kommunesenteret Ålgård ligg ved E39, 15 km frå Sandnes. Om lag 75 % av innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård. Tettstadene i kommunen er Ålgård/Figgjo, Oltedal og Gilja.

Lokalavisa for Gjesdal er Gjesdalbuen. «Gjesdalbu» er ei nemning på ein som kjem frå Gjesdal kommune. Gjesdalbuen Finn E. Kydland vart i 2004 tildelt Nobelprisen i økonomi. Kydland voks opp på Søyland, medan mora seinare flytte til kommunesenteret Ålgård.

Den største fossen i Rogaland, Månafossen, finst her, inst i Frafjord.

Remove ads

Folk frå Gjesdal

  • Håvard Rugland (f. 1984), også kjend som «Kickalicious», utøvar av amerikansk fotball

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads