Gjetarfuglfamilien

familie av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Gjetarfuglfamilien
Remove ads

Gjetarfuglar er ein liten familie av fuglar, Anhimidae. Lenge var dei rekna å vere i slekt med hønsefuglar grunna likhet i nebbet, men dei har verkeleg slektskap til andefamilien, (gjæser, ender og svaner) og kanskje nærast til skjorgås.

Thumb
Kragegjetarfugl, Chauna torquata
Foto: Dick Daniels
Kjappe fakta
Remove ads

Utbreiing

Dei tre artane i familien finst berre i Sør-Amerika, frå nordre Venezuela og Colombia sørover til og med Argentina. Dette er store klumpete fuglar med lite hovud, lange bein og lange tær som berre dels har symjehud. Kroppslengda kan bli opp mot 95 centimeter og dei kan vege ca. 5 kilogram.[1] Dei har lange, skarpe sporar på vengeknoken som dei nyttar i stridar om revir og make. Desse kan brekke av i kamp, og har vore funne fast i brystet på rivalar, men sporane veks ut igjen.[1] I motsetnad til ender og gjæser har gjetarfuglar partiell myting som gjer at dei er flygedyktige gjennom heile året.

Remove ads

Levesett

Generelt lever denne gruppa i lågland der dei beitar på vassplantar. Dette kan vere opne område med vegetasjonsrike myrer som blir overflauma og ved innsjøar med mykje vegetasjon. Dei kan samle seg i større flokkar utanom hekkesesongen, og ein art, kragegjetarfugl, vert rekna som eit skadedyr fordi han tar av jordbruksavlingar og konkurrerer med tamfuglar om føda. Alle tre artar kan halde seg høgt og godt synlege i trekroner i periodar.[1] Dette kan dei òg gjere når dei blir uroa, og vil då skrike høgt frå trea.

Gjetarfuglar legg mellom to og sju egg, med fire eller fem som det typiske. Som hos ender kan ungane springe så fort dei er klekte. Ungane veks opp i eller nær vatn, ettersom dei sym betre enn dei lauper hjelper det dei og til å unngå predatorar. Som ender vert gjetarfuglar prega tidleg i livet. Dette, saman med den enkle dietten, gjer dei eigna som tamfugl. Dei kan fungere som utmerkte varslarar med det kraftige skriket dei gjev når dei merkar noko nytt og potensielt trugande.

Både kragegjetarfugl og horngjetarfugl finst spreidde vidt i leveområdet og dei er ganske vanlege artar. Derimot er svarthalsgjetarfugl relativt sjeldan og derfor rekna som nær trua. Gjetarfuglane er lite jakta trass i at dei lett å få auge på. Dette kjem av at kjøttet er svampaktig med dårleg smak. Det største trugsmålet mot desse artane er øydelegging av habitat og intensivering av jordbruket.

Remove ads

Artar

Gjetarfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Anhima

  • Horngjetarfugl, Anhima cornuta, Horned Screamer, LC, Linné, 1766
Det meste av nordlege Sør-Amerika aust for Andes og nord for Chile, Argentina og Paraguay.[4]

Slekt Chauna

  • Kragegjetarfugl, Chauna torquata, Southern Screamer, LC, Oken, 1816
Sørlege Brasil, austlege Bolivia, nordlege Argentina, Paraguay og Uruguay.[5]
  • Svarthalsgjetarfugl, Chauna chavaria, Northern Screamer, NT, Linné, 1766
Nordlege Colombia mot Det karibiske havet, i Venezuela ved sørlege Maracaibosjøen.[6]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads