Gjetingsdalen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gjetingsdalen
Remove ads

Gjetingsdalen er ein dal i Mauranger i Kvinnherad kommune i Vestland.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Dalelva renn gjennom dalen før ho munnar ut i Maurangsfjorden. Gjetingsdalen fekk vegutløysing i 1986, før det gjekk all frakt av folk og varer i båt på fjorden. Fylkesveg 51 i Hordaland går frå Riksveg 551 i Austrepollen til Eikenes, derfrå og oppover dalen går det kommunal veg.

Remove ads

Gardar i drift

Det er om lag 10-20 innbyggjarar i Gjetingsdalen i dag, medan det i 1900 var 92 personar som var busette der. I dag er det berre tre gardar att i drift. Andre gardsbruk har i staden vorte fritidsbustader for utflytte og turistar.

Den fyrste garden ein kjem til i Gjetingsdalen er rekkjetunet Eikenes som er frå 1778. Bråtun er den neste garden og heilt øvst oppi dalen ligg Bakke. På gardane vert det drive med sau, geiter og storfe.

Remove ads

Kraftverk

Dalelva kraft AS vart starta 2010, og har planlagt årsproduksjon på 9.3 gwh/år

Gjetingsdalen Kraft AS vart starta i januar 2007, og har planlagt årsproduksjon på 9.7 gwh/år. Det har også vore planar om fleire kraftverk i dalen.

Skulehuset

Det gamle skulehuset i dalen vert no nytta som grendehus og brukt til forskjellige møte og samkomer. Blant anna den årvisse påskebasaren.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads