Raudglente
art av haukefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Raudglente,[1] tidlegare glente (Milvus milvus), er ein rovfugl i haukefamilien som har leveområdet sitt vesentleg i Europa.
Remove ads
Skildring
Dette er ein mellomstor medlem av haukefamilien, ca. 60 til 72 centimeter i kroppslengd, vengespennet kan bli opp til 1,7 meter, kroppsmassen opp mot 1,6 kilogram. Hofuglar er litt større enn hannar, elles er kjønna like. Raudglentar er mest kjennelege på kileforma stjert, lange venger, bøygde i flukta og stort, lyst felt mot enden av vengene. Oversida av stjerten er raudbrun, hovudet er lyst, grått, elles er fjørdrakta i stor grad brun.[2][3]
Leveområdet er frå Sør-Sverige og Storbritannia i nord, Polen i nordaust og sørvestover til Iberiahalvøya. Nokre har vinteropphald i Nordvest-Afrika. Avgensinga av området mot aust for denne arten er usikker.
Raudglente er ein sjeldan fugl i Noreg. I dei siste åra har det likevel vore observert fleire og fleire individ. Det er spesielt langs kysten frå Østfold til Rogaland at det ikkje er uvanleg å sjå raudglenten,[4] og då oftast i april månad.[5] Næraste hekkeområde er Sør-Sverige der han er trekkfugl.
Habitat er i låglandsskog, ved jordbruksland og heier, opptil 1600 moh. i Sveits. Dei kan søke føde nær opptil urbane område. Føda er helst åtsel, levende byttedyr kan vere fuglar, fugleungar, små pattedyr, reptilar og anna. Dei kan stjele føde frå andre rovfuglar.[2]
- Hekking
Hoa byggjer eit relativt lite reir i toppen av høge tre. Reiret består av pinnar, kvistar og gjerne papir og tøyrestar ho finn. Hoa tar gjerne over andre rovfuglreir. I slutten av april eller starten av mai legg hoa 2 til 4 egg. Egga blir klekte etter 30 dagar. Ungane blir i reiret til dei er 7 til 8 veker gamle. Først då er dei flygedyktige. Dei bur framleis i reiret i eit par veker til for å få føde. Hoa blir kjønnsmogen etter to år. Hannen blir som oftast kjønnsmogen når han er tre år.
Remove ads
Galleri
- Raudglente i Brugelette i BelgiaFoto: Hans Hillewaert
- Bilete frå Brandenburg i Tyskland
- Raudglente i SveitsFoto: Hansueli Krapf
- Raudglente-egg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads