Goin' Back

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Goin' Back» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King i 1966.[1] Han skildrar tapet av uskulda som kjem når ein vert vaksen, samt eit forsøk på å ta attende uskulda frå ungdomstida.[2][3] Songen er spelt inn av mange forskjellige artistar, som Dusty Springfield, Goldie Zelkowitz, The Byrds, Elkie Brooks, Deacon Blue, Nils Lofgren, Freddie Mercury (som Larry Lurex), The Move, The New Seekers, The Pretenders, Diana Ross, Richard Thompson og Phil Collins, samt av Carole King sjølv.[4]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Dusty Springfield-utgåva

Sjølv om Goldie (frå Goldie & The Gingerbreads) var den første artisten som spelte inn songen, vart utgåva hennar trekte attende etter usemje med Goffin og King om songteksten.[5][6] Carole King valde så å spele inn «Goin' Back» sjølv, men gav han til slutt til Dusty Springfield i staden.[5] Dusty fekk ein internasjonal hit med songen og det er hennar versjon som i dag er den mest kjende.[5]

Hennar versjon vart spelt inn 15. juni 1966 i Philips Studios i Stanhope Place i London, akkompagnert av Peter Knight og produsert av Johnny Franz.[7] Han kom ut på singel 1. juli 1966, og nådde 10. plass i Storbritannia. Han vart ikkje gjeven ut som singel i Amerika.[5][8][9]

The Byrds-utgåva

The Byrds si utgåve av «Goin' Back» vart gjeven ut som singel 20. oktober 1967 og nådde 89. plass i USA. Han kom ikkje inn på lista i Storbritannia.[10][11] Songen kom òg ut på albumet deira The Notorious Byrd Brothers i 1968.[2] Det at bandet valde å spele inn denne songen førte til krangling internt i bandet sidan rytmegitarist David Crosby var lite entusiastisk overfor songen.[12] Crosby rekna «Goin' Back» som ein lett poplåt, som var typisk for Brill Building.[12] Han vart derfor sjokkert då hans eigen song, «Triad», stod i fare for å verte fjerna frå albumet for å få plass til «Goin' Back».[13] Crosby vart til slutt sparka frå bandet og «Goin' Back» hamna på albumet og som første singel.[14]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads