Grønstilk

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Grønstilk
Remove ads

Grønstilk (Tringa glareola) er ein langbeina vadefugl i snipefamilien. Arten høyrer til underfamilien storsniper.

Kjappe fakta
Remove ads

Utbreiing

Grønstilk finst i Skandinavia, Nord-Europa og austover til Stillehavet. Han overvintrar i Afrika, Søraust-Asia og Australia.

I Noreg hekkar fuglen i innlandet.[2]

Skildring

Fuglen er 19-21 cm lang og veg ca. 60 g. Han har eit vingespenn på mellom 35 og 39 cm.

Grønnstilk har proporsjonar som ein raudstilk, men i mindre format, og med kortare, gråsvart nebb. Oversida er spetta i kvitt, grått og beige på vaksne fuglar, med ein brunare tone på juvenilar. I alle drakter har han ein kraftig kvit augebrynsstrek.

Lyden når han flyg er ei særmerkt trestava «jiff-jiff-jiff», medan fuglen varslar med oppattakne «ipp-ipp-ipp-ipp».

Remove ads

Levevis

Grønstilk lever av insekt som han tek med nebbet i grunt vatn eller leirejord.

Fuglen er monogam. Hoa legg 4 egg i mai-juni.

Grønstilk er ein trekkfugl som kjem til Noreg i slutten av mai og reiser i juli-september.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads