Grace Aguilar

britisk historikar og poet From Wikipedia, the free encyclopedia

Grace Aguilar
Remove ads

Grace Aguilar (2. juni 181616. september 1847) var ein engelsk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion.

Kjappe fakta

Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av sefardiske foreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak frå barndommen av og viste tidleg interesse for historie særleg jødisk historie. Da far hennar døydde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nokre skodespel og dikt fekk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 eit forsvarsskrift for trua hennar og dei som vedkjenner seg denne trua. Ho følgde opp med bøkene The Jewish Faith (1845) og The Women of Israel (1845). Mest kjend er ho likevel for romanane sine og da særleg Home Influence (1847) og A Mother’s Recompense (utgjeve posthumt i 1850). Av andre verk kan nemnast Magic Wreath og Vale of Cedars. Helsa hennar gav etter i 1847 og ho døydde den hausten i Frankfurt am Main i Tyskland.

Remove ads

Verk

Sakprosa

  • 1842 Spirit of Judaism
  • 1845 The Jewish Faith
  • 1845 The Women of Israel, or Characters and Sketches from the Holy Scriptures and Jewish History. Second edition. London, 1858. (2 v.)
  • 1853 Sabbath Thoughts and Sacred Communings. [red. av Sarah Aguilar.] London 1853.

Romanar

  • 1847 Home Influence. London, 1847. (2 v.) (Hjemmets Indflydelse : en Fortælling for Mødre og Døtre. Bergen, 18981901 (3 b.))[daud lenkje]
  • 1850 A Mother’s Recompense (En moders belønning : fortælling. Bergen, 1901)[daud lenkje]
  • 1851 The vale of cedars, or The martyr : a story of Spain in the fifteenth century
Remove ads

Kjelder

  • Encyclopædia Britannica, 1911-utgåva (PD)
  • Cousin, John William (1910): A Short Biographical Dictionary of English Literature. London : J.M. Dent & sons, 1910.
  • «Grace Aguilar» frå Engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads