Graeme Souness

britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Graeme Souness
Remove ads

Graeme James Souness (fødd 6. mai 1953) er ein skotsk fotballtrenar- og tidlegare -spelar frå Edinburgh. Han er særleg kjend for perioden han spelte på Liverpool FC, der vann han fem seriemeisterskap og europacupen tre gongar.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Remove ads

Klubbspel

Souness fekk kontrakt med Tottenham Hotspur, men spelte aldri ein kamp for London-klubben. Sommaren 1972 vart han overført til andredivisjons-klubben Middlesbrough FC. I Middlesbrough markerte han seg som ein iherdig midtbanespelar, taklingssterk med blikk for pasningar. På nyåret i 1978 gjekk han vidare til Liverpool FC, den fremste klubben i engelsk fotball i dei år. Her var han med om å vinne fem ligameisterskap og to gongar europacupen. Lagkaptein frå 1982-84.

Frå sommaren 1984 spelte Souness to sesongar for italienske Sampdoria, og til slutt ein sesong som spelande trenar i Rangers FC.

Remove ads

Landslagsspel

Souness fekk sin landslagsdebut i oktober 1974. Han deltok i VM-turneringa i 1978, 1982 og 1986. Under VM i fotball 1986 spelte han sin 54. og siste landskamp. Han skåra i alt fire mål for Skottlands landslag.

Trenar

Souness var lagsjef for Rangers FC i tida 1986-91, leia då klubben til fire strake ligameisterskap i Skottland. Han tok over som sjef for Liverpool FC i 1991, laget vann FA-cupen 1992 med han som sjef. Etter å ha fått fyken i Liverpool, trente han ulike lag både innanlands og utanlands.

Merittar

  • Vinnar av Europacupen: 1978, 1981 og 1984 med Liverpool FC
  • Engelsk ligameister: 1979, 1980, 1982, 1983 og 1984: med Liverpool FC
  • Engelsk ligacupmeister: 1981, 1982, 1983 og 1984 med Liverpool FC
  • Italiensk cupmeister: 1986 med Sampdoria
  • Skotsk ligameister: 1987 med Rangers FC
  • Skotsk cupmeister: 1987 med Rangers FC

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads