Gratuitous Sax & Senseless Violins
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gratuitous Sax & Senseless Violins er det sekstande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks. Det kom ut i 1994, seks år etter det førre albumet deira og markerte ein overgang til ein techno/eurobeat-inspirert stil, som gjorde dei populære i Tyskland.
Remove ads
Historie
Det førre albumet til Sparks kom ut i 1988, og medan han fekk fleire club-hittar i USA, hadde ikkje seld godt. Kritikarar hadde lunken til utgjevingane deira sidan Pulling Rabbits Out of a Hat i 1984. Medan dei marknadsførte Interior Design slo Sparks seg saman med den franske duoen Les Rita Mitsouko og gav ut singelen «Singing in the Shower» som vart ein moderat hit i Frankrike. Sparks tok så ein mellombels pause medan brørne brukte slutten av 1980-åra og byrjinga av 1990-åra på å konsentere seg om å lage film, særleg eit forsøk på å lage ein japansk manga-serie, Mai, The Psychic Girl, til ein film. Dei hadde håpa å få Tsui Hark til å regissere filmen med skodespelarinna og musikaren Christi Haydon som røysta til hovudrolla. Russell Mael møtte Haydon då han var interessert i ho då ho arbeidde i ein sminkebutikk.[3] Den einaste erfaringa Haydon hadde var som mangeårig statist i TV-serien Star Trek: The Next Generation. Trass i at Tim Burton var interessert og dei arbeidde seks år på prosjektet, vart det ikkje noko av.[4]
I gjekk 1993 Sparks i studio att og gav ut singelen «National Crime Awareness Week», og skreiv og produserte singelen «Katharine Hepburn» for Christi Haydon. Gratuitous Sax & Senseless Violins følgde i november året etter. Han vart produsert av duoen utan studiomusikarar.[2] Albumet gjekk attende til den europeiske synthesizer-orienterte stilen frå No. 1 In Heaven. Men songane la vekt på popstruktur og kunne minne ein god del om Pet Shop Boys. Albumet vart marknadsført med ein turné der Christi Haydon spelte i lag med brørne på trommer, i tillegg til at ho var med i musikkvideoane deira. Det acappella tittelsporet «Gratuitous Sax» såg attende til den like korte opningssongen på albumet deira Propaganda frå 1994. «When Do I Get to Sing 'My Way'» var ein referanse til Frank Sinatra-songen «My Way».
Remove ads
Utgjeving
Gratuitous Sax & Senseless Violins vart det mest suksessrike albumet til Sparks i Tyskland, der han nådde 29. plassen[5] og fekk tre hittar på den tyske singellista. Sjølv om albumet berre nådde 150. plassen[6] på UK Albums Chart, gjorde singlane det godt nok til at dei igjen nådde topp 40, for første gongen sidan «Beat the Clock» i 1979. Den første singelen «When Do I Get to Sing 'My Way'» nådde sjuandeplassen[5] i Tyskland, 38. plassen i Storbritannia[7] (han vart gjeven ut på ny i mai 1995 og nådde då 32. plassen[7]). Den andre singelen «When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» nådde 61. plassen i Tyskland[5] og 36. plassen i Storbritannia.[7] Den siste singelen «Now That I Own the BBC» nådde 81. plassen i Tyskland[5] og 60. plassen i Storbritannia.[7]
«When Do I Get to Sing 'My Way'» og «When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» gjekk òg inn på andre singellister i Europa og nådde høvesvis 9. og 24. plassen på den amerikanske Billboard Hot Dance Music/Club Play-lista.[8]
Remove ads
Nyutgjevingar
Den japanske utgåva av albumet inkluderte «When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing) (Bernard Butler's Mix)» som bonusspor. Albumet vart gjeve ut som den første i serien Sparks – The Collection i 2006 på gruppa sitt eige selskap, Lil' Beethoven Records. Denne nyutgjevinga hadde nytt plateomslag, ekstra platenotat og kom i eit digipak-omslag.
Albumet kom ut igjen i 2019 ommastra med 31 ekstra spor.
Innhald
Alle spor skrivne av Ron Mael og Russell Mael
2019 Expanded Edition Plate to: Remixes / B-sides / Official Releases
2019 Expanded Edition Plate tre: Demos & Unreleased Tracks
Remove ads
Medverkande
- Russell Mael – vokal, produsent
- Ron Mael – klaverinstrument, produsent
- Tsui Hark og Bill Kong – gjestevokal på «Tsui Hark»
- John Thomas – ekstra lydteknikar og miksing
- Steve Bates – ekstra lydteknikar og miksing
- Mark Stagg (for Pro-Gress og D.E.F.) – ekstra produsent på «(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing», «I Thought I Told You To Wait in the Car» og «Let's Go Surfing»
- Alan Fisch – lydteknikar på «(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing» og «I Thought I Told You To Wait in the Car»
- Linus Burdick – ekstra produsent på «Now That I Own The BBC», «Hear No Evil, See No Evil, Speak No Evil» og «Let's Go Surfing»
Remove ads
Salslister
Album
Singlar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads