Grudziądz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Grudziądz[a] er ein by nord i Polen ved elva Wisła med om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg i Kujaviskpommerske voivodskap (sidan 1999) og var tidlegare ein del av Toruń voivodskap (1975–1998).
Remove ads
Historie

Grudziądz (då kalla Graudenc) fekk byrettar i 1291 og tilslutta seg den prøyssiske konføderasjon i 1440. Mellom 1466 og 1772 høyrte byen til den polske krona som del av provinsen Det kongelege Preussen, som hadde stor grad av sjølvstyre. Ved den første delinga av Polen i 1772 vart byen annektert av kong Fredrik II av Preussen og vart slik same år del av kongedømet Preussen. I 1878 vart det bygd ei bru over Wisła (tysk Weichsel), noko som medverka til ei rask industrialisering av Graudenz. Ved riksdagsvala i 1912 fekk polske kandidater 21 prosent av stemmene, medan Det tyske nasjonalliberale partiet fekk 53 prosent.
Den 23. januar 1920 vart byen, som hadde ein overvegande tysk folkesetnad (84 %), del av den andre polske republikken som vart etablert etter den første verdskrigen.
Den 3. september 1939 erobra tyske militære styrkar byen. Det tyske styret varte i fem år. Ved Grudziądz låg den tyske konsentrasjonsleiren Graudenz som var satellittleir under konsentrasjonsleiren Stutthof lenger nord. Under kampane vinteren 1945 vart over 60 prosent av Grudziądz øydelagt.
Gamlebyen i Grudziądz i 2007.
Foto: Włodzimierz Wysocki
Remove ads
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads