Greendale
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Greendale er det 29. albumet til Neil Young, spelt inn i lag med Crazy Horse, og gjeven ut 19. august 2003. Greendale er ein 10 songar lang rockeopera som er sett til ein oppdikta kystby i California. Han er basert på soga om familien Green og «lydnovella» har vorte samanlikna med klassikaren til Thornton Wilder, Our Town[3] og Sherwood Anderson sin Winesburg, Ohio. Greendale kom òg som ein film og ein teikneserie.
Greendale omhandlar tema som korrupsjon, miljøvern, korleis massemedia samla seg etter 9/11. Albumet, konserten, filmen og DVDane skapte stort sprik hos kritikarane, som kalla det alt frå «amatørmessig» til at albumet vart kåra til eit av dei beste i 2003 av musikkritikarane i Rolling Stone.
CDen vart opphavleg gjeven ut med ein DVD av ein akustisk solokonsert av dei same songane frå Vicar Street i Dublin i Irland. Denne solokonserten er seinare gjeven ut digitalt.[4][5] I 2004 vart CDen gjeven ut med ein ny DVD som inneheldt konsertopptak av Neil Young og Crazy Horse. Ein DVD-Audio-versjon vart òg gjeven ut med både Advanced Resolution Stereo og 5.1 kringlyd-miksar, samt ein video av «Devil's Sidewalk» frå filmen. Seint i 2004 kom ein film med skodespelarar som mimar til songane.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Neil Young
Medverkande
- Neil Young: gitar, orgel, munnspel, vokal
- Ralph Molina: trommer, vokal
- Billy Talbot: bass, vokal
- The Mountainettes:
- Pegi Young: vokal
- Nancy Hall: vokal
- Twink Brewer: vokal
- Sue Hall: vokal
Sjølv om Frank Sampedro var eit aktivt medlem av Crazy Horse, gjekk han med på at han ikkje spelte på albumet, sidan Neil Young følte at songane berre trengde ein gitar. Sampedro vart derimot med på den påfølgjande turneen.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads