Grjot

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Grjot eller grot er namn på ymse steinslag, som sandstein, brynestein og særleg kleberstein (grautstein). I gammal tid vart kleberstein nytta som materiale til gryter og ordet gryte er avleidd frå grjot. Andre ord som slektar på grjot er mellom andre graut og grut.

På Sunnmøre finst fleire fjelltoppar med namnet Grøthornet, og stadnamn som Grøtet, alle med lokal uttala av førelekken grjot. Desse stadene er overstrødd med natursprengde steinblokker. Tilsvarande er Grautgarden namn på steinurder i Eiteråga og Drevjo i Vefsn.

Remove ads

Kjelder

«grjot» i Store norske leksikon, snl.no.

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads