Guden Måne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Guden Måne
Remove ads

Måne (norrønt Máni) var guden som førte månen over himmelen i norrøn gudetru. I norrøn gudetru var månen laga av gneistar frå Muspelheim. Måne kan òg vera ein personifisert månegud. Måndagen har fått namn etter han.

Thumb
Sol og Måne forfølgde av ulvar. Ein bokillustrasjon av Willy Pogany (1882–1955).

Måne var son av Glaur og Mundilfare, og bror til Sol. Så strålande vakre var dei to ungane at faren kalla dei opp etter himmellekamane. På grunn av dette sette gudane dei til å styra vognene med sola og månen i. Måne flyktar stadig frå ulven Hate, som vil sluka han. Ulven Skoll, som er ute etter Sol, spring føre. Ulvane kjem til å nå att både Måne og Sol ved Ragnarok.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Guden Måne

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads