Guimarães
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Guimarães er ein by og kommune i distriktet Braga, nord i Portugal. Det historiske by-senteret har vore med på UNESCO si verdsarvliste sidan 2001, erkjent for å vere eit «uvanleg godt bevart og autentisk døme på utviklinga frå mellomaldersk busetnad til moderne by» i Europa. Guimarães kommune har 156 830 ibuarar (2021) og dekker 240,95 kvadratkilometer land.
Byen vart bygt frå det 9. hundreåret. Guimarães spelte ei viktig rolla i grunnlegginga av Portugal. Byen vert ofte kalla Portugals vogge (Cidade Berço på portugisisk), ettersom at det var i Guimarães den fyrste kongen av Portugal, Afonso Henriques, vart fødd, og på grunn av at slaget ved São Mamede – som vert halde for å vere den banebrytande hendinga i grunnlegginga av kongeriket Portugal – vart utkjempa nær byen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads