Guineastraumen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Guineastraumen er ein langsam, varm havstraum som flyt austover langs kysten av Guinea i Vest-Afrika. Han har ein del likskap med Den ekvatoriale motstraumen i Indiahavet og Stillehavet.

Posisjonen, utstrekninga og styrken varierer gjennom året og er sterkast og mest utbreidd om sommaren. Guineastraumen går inn i Guineabukta frå vest mot aust, men heldt seg alltid nord for ekvator. Den sørlege grensa er i Guineabukta om lag 3 ºN. Straumen kan enkelte stader kome opp i eit par knop og djupna varierer frå 100 til 150 meter.
Remove ads
Kjelder
«Guineastrømmen» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads