Gullsmed
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Gullsmed er nemninga for ein handverkar som har som yrke å produsere, reparere og restaurere smykke (som til dømes ringar, kjede, brosjer) og andre typar gjenstandar av edle metall, som oftast i gull- og sølv-legeringar med fastsett innhald av det edle metallet. Forminga av metallet går føre seg ved mellom anna valsing, trådtrekking, klipping, lodding, filing og pussing, og dessutan ved støyping, særleg når det gjeld masseproduksjon av smykke. Til faget høyrer det òg å montere smykkesteinar og perler i smykke.



Gullsmedar kan dessutan lage gjenstandar av andre metall med eit overflatelag av edelt metall, til dømes forsølva pokalar eller servise, eller legge emalje (eit hard, glasaktig stoff) som pryd på gjenstandar og smykke.
Sjølv om det er vanlege no til dags at dei fleste gullsmedgjenstandane er støypte masseprodukt, skal gullsmedane òg kunne lage skisser og utkast til særeigne produkt som kundar kan ha ynske om å få laga.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Om gullsmedutdanninga på Kunnskapsdepartementets nasjonal fellesportal for utdanning, karriere og læring.
- Das Gold- und Silberschmiedemuseum (Gull- og sølvsmedmuseet) i Wien. Arkivert 2007-03-12 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads