Gus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gus (russisk Гусь) er ei elv i Rjazan Vladimir oblast i Russland og ei av sideelvane til Oka frå venstre.
Elva er 146 km lang og spring ut i nærleiken av landsbyen Arsamaki i Vladimir oblast 127 meter over havet og munnar ut i ein liten innsjø i Oka i Kaismovskogo rajon i Rjazan oblast, 83 meter over havet.
Elva flyt hovudsakleg gjennom skogkledde område. Breidda varierer frå 5 til 10 meter, men i enkelte svingar vert ho opp mot 20 meter brei. Djupna varierer frå 1 til 1,4 meter. Breidda er dekt av gras, buskar og tre.
Gus frys til i november og er islagd til april.
Dei største sideelvane hennar er Nasmur, Dandur, Sentur, Pynsur, Ninor og Kolp.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Гусь (река)» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

