Gustav Kirchhoff
tysk kjemikar og fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gustav Robert Kirchhoff (12. mars 1824–17. oktober 1887) var ein tysk fysikar.
Han var professor ved universitetet i Breslau frå 1850, i Heidelberg frå 1854, i Berlin frå 1875. Kirchhoff var matematisk fysikar og ein av grunnleggjarane av den matematiske eller teoretiske fysikken. Han fann lovane for fordeling av elektrisk straum i forgreina leiarar, Kirchhoff-lovane, og handsama problemet om den elektriske straumen i leiarar som ikkje er sylindriske. Vidare handsama han Fresnels bøyningsteori og gjorde han om til ein eksakt matematisk teori, eit arbeid som vart ført vidare av A. Sommerfeld. Han handsama den mekaniske varmeteorien og varmeleiinga. Saman med R. Bunsen oppdaga han spektralanalysen. Oppdaginga førte han til den kjende lova at utstrålingsevnen og absorpsjonsevnen til stoff for stråling av same slag er proporsjonale, den såkalla Kirchhoffs strålingslov.
Remove ads
Kjelder
- Gustav Robert Kirchhoff. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads