Gustav I av Sverige

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gustav I av Sverige
Remove ads

Gustav Vasa, eigentleg Gustav Eriksson (12. mai 149629. september 1560), var konge av Sverige frå 1523 fram til han døydde.

Kjappe fakta Periode, Fødd ...
Remove ads

I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, konge av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av dei svenske adelege var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I eit forsøk på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav sine foreldre, massakrert i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav flykta gjennom Dalarna i frykt for livet sitt. Der prøvde han å overbevise folk i Mora til å gjera opprør mot kongen, men lukkast ikkje. På ski drog han då vidare mot Noreg, fram til han vart teke att av to skiløparar i Sälen. Mennene i Mora hadde endra meining og ønskte at Gustav skulle leie opprøret. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa vald til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen. Den 12. januar 1528 vart han krona i Uppsala domkyrkje.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gustav I av Sverige
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads